lørdag 29. mai 2010

An American Haunting


Tittel: An American Haunting
Tagline: Possession Knows No Bounds
Sjanger: Grøssar, thriller
Aldersgrense: 15 år (PG-13)
Utkom i år: 2006
Skodespelarar: Ingen eg kjenner, men Donald Sutherland, Sissy Spacek, James D'Archy og Rachel Hurd-Wood skal visst vere relativt kjende. 


Kva søren denne lille jenta skal bety, har eg ikkje heilt fått med meg. Vennligst føl deg fri til å fortelje meg det.

 Historia er ramma inn av det som for meg verkar som ein av grunnsteinane i amerikansk skrekk, ein dysfunksjonell familie der mor og far nettopp har gått ifrå kvarandre, med ei plaga dotter i midten. 
I løpet av dei første fem minutta får vi klisjéane servert på sølvfat. Skog. Tåke. Gamalt hus. Ei tenåringsjente som spring for livet. Ei øydelagd dukke, og ein bunke gamle ark.
Jane blir jaga igjennom skogen og inn i huset. Dette viser seg å vere eit mareritt, og når mora kjem for å vekke henne, finn ho dukka og arka som dottera har funne på loftet. Ho set seg ned for å lese dei, og med ei overdramatisk mannstemme spolar historia bakover til 1800-talet, der familien til John Bell, etter å ha komme i ueinigheit med ei dame beskyldt for hekseri, blir plaga av uforklarlege lydar og syn. Først høyrer dei dunking frå loftet, deretter byrjar svarte ulvar (eit klassisk symbol på frykt eller aggressiv fare) å luske rundt huset. Snart går det over i fysiske og meir valdelege angrep, fokusert på Betsy Bell, dottera i familien. 




+ An American Haunting er basert på den (frå mi side) høgt elska legenden om the Bell Witch, som seiast å vere det einaste amerikanske tilfellet der eit poltergeist har drept ein mann.
+ God stemning filmen igjennom.
+ God lydoppleving.

-  Eg trudde at med ein så sterk historie å gå ut ifrå, trengte ein ikkje flå den for å få ein film ut av det, men eg tek visst fort feil. Dei utnyttar Bell Witch-historia for dårleg og har utelete dei mest karakteristiske detaljane, som besøket til General (og seinare President) Andrew Jackson og utsegna hass om å "rather take on the entire English Fleet than stay one night at the Bell House."
-  Handlinga er forvirrande, halvparten av hendingane blir ikkje grunngjevne. Eg likar ikkje filmar som gjev deg alle svara opp i armane og ikkje overlet noko til fantasien, men denne seier faktisk for lite, og eg blei sitjande som eit levande spørjeteikn. 
- Effektane er til tider smertefullt dårlege.
- Klisjéane kjem i rask rekkjefølge og gjerne fleire på ein gong. 
- Posteret (øverst), introen og taglinen. Dei har tilsynelatande lite til ingenting med sjølve filmen å gjere, og verkar meir som desperate forsøk på å få filmen til å selge. 


 Konklusjon: God idé, men ikkje godt nok utført. Ei ganske grei filmoppleving, korkje spesielt skummel (iallfall ikkje når ein har fått med seg slutten) eller krevjande. Fungerer som tidsfordriv, men eg kjem neppe til å sjå den om att når eg føler for ein god film.

Bileta er henta frå AllMoviePhoto.